Om Haugsvær Auto AS

Offentleg godkjent bilverkstad i MECA-kjeden, lokalisert tett ved E39

Vårt mål er å utføre ein jobb og levere eit produkt ut frå kunden sitt ønskje

Vår historie

Haugsvær Auto AS har drive sidan 1991, med satsingsområde bilverkstad, bilberging og understellsbehandling, i tillegg til drift av Statoil-stasjon. Rundt 1998 vart understellsbehandlinga lagt ned, og bedrifta utvikla seg vidare på biloppretting, lakkering og serviceutstyr på verkstaden, samt bergingsoppdrag med lett- og tungbergar.

Frå 2005 vart drivstoffstasjonen lagt om til Statoil 1-2-3-automatstasjon (seinare Circle K), og bedrifta knytta seg til Meca-kjeden. Frå hausten 2012 vart satsinga på redningsteneste basert på oppdrag for lettbil, og verkstaden vart oppgradert med nytt utstyr, nye lokale og nytt ordresystem.

I dag

Vi fortset det gode samarbeidet med Meca-kjeden innan verkstadtenester, med forsikringsselskapa innan bilskade og med Viking og REDGO innan veihjelp. Vi tek òg på oss transportoppdrag for ulike køyretøy, som lift, truck og liknande. Vi har utvida uteområdet vårt for å betre parkeringstilhøva, og satsar stadig på investeringar som held oss oppdatert innan bilteknologi, maskiner, utstyr og programvare. Vi er no også sertifisert elbilverkstad og Miljøfyrtårn.

Godkjenningar og sertifiseringar

sertifisert elbilverkstad

MECA-sertifisert elbilverkstad

Ta kontakt om du lurer på noko meir om oss eller tenestene våre.